Ansible: Because Remembering How to Set Up Our Servers is Good

Skrevet av kevin ons, 10/12/2016 - 09:27
Session description

Er dette kjent: Du set opp ein server, og etter mange timar med Google, får du han til å funka. Heldigvis.

Heilt fram til han krasjer, leverandøren går konk, treng ei oppdatering, eller praktikanten får for mykje tilgang og sletter serveren (ops). Kva gjer du då?

Er du heldig, har du skrive ned litt notat om kva du gjorde første gong, sånn at du kan gjera det igjen. Men om du var under tidspress, har du kanskje ikkje gjort det, eller kanskje har det vore ein stund, og det du skreiv ned i fortida ikkje fører deg heilt fram.

Ansible løyser dette.

I Ansible kan du skriva YAML-filer (playbøker) som dokumenterer oppsettet av serveren din. Desse er i tillegg utførbare, så du kan bruka dei for å setta opp sjølve serveren. Når praktikanten sletter serveren, kan du få opp ein ny på minutt. Og så kan du tilpassa playboka til andre servarar seinare utan å måtta planlegga alt frå scratch.

Og, som sagt, funkar det som dokumentasjon på oppsettet. To fluer i ein smekk!

Eg skal gi ei lita innføring i Ansible, samt visa mitt siste Ansible-prosjekt.

Session time